Aktivitetar på garden

Kring Nordigard Ramstad finn du fjelleventyr på alle kantar - men nokre av våre favorittar er faktisk på garden!

 

Ingen planar for dagen? Heldig er du, for på Nordigard Ramstad har vi ei mengd små eventyr på by på til lands og til vanns. Spør oss om tips!

AL6A2953.jpg

Pakke egg

På Nordigard Ramstad verpar 7000 frittgåanede høner like mange egg kvar einaste dag – og kvart einaste eit skal sorterast, vaskast og pakkas. Ei artig aktivitet for små hender – blir gjerne med om du er på gardsbesøk!

AL6A2629.jpg

Mate hønene på tunet

Dei aller lykkelegaste av hønene våre trippar fritt rundt på tunet – og tek gjerne i mot ein brødskalk eller nokre frø om junior har nokon å avsjå etter frukosten.

AL6A3115.jpg

Hest, sau og kaninar

Nordigard Ramstad er en autentisk gard fylt med leikekameratar på fire og to føt. Dyra våre treng mat, kos og leik. Tek du jobben?

_VB03636_web.jpg

Dokkehus, huske og leikestativ

Aktiv sommarferie er populært som aldri før – og på tunet på Nordigard Ramstad ligg alt til rette for aktive sommarkveldar.

image.jpg

Leige kajak

Øyhopping i fjellheimen? Javisst! I Ottaelva ein stutt rusletur nedanfor Nordigard Ramstad finn du eit sant eldorado av små øyer, kanalar og badestrender – perfekt for oppdagingsferd i stabil og lettpadla kajakk med plass for to.

image.jpg

Leige robåt

Fjellauren har både sprek og talrik i Ottaelva nedanfor Nordigard Ramstad. I robåt kjem du lett til dei gode plassane – og kan kombinere fisketuren med eksotisk øyhopping i fjellheimen.

Aktivitar i Skjåk – naturlegvis

 

Leige elsykkel

Vi elskar elsykkel! Suse avgarde med lette trakk med god hjelp frå batteriet som raskt hjelp deg fleire mil til fjells langs traktorvegar og trakk. Leige elsykkel gjer du hos våre gode vener i www.naturopplevingar.no

Leige fjellutstyr

Kvifor eige når du kan leige? Seier våre gode vener i Naturopplevingar – som har eit utruleg bra utval av elsyklar, allversklede, fjellstøvlar, breutstyr, randonnéeski og det meste anna til sjølvbetjent utleige: www.naturopplevingar.no

Leige guide

Ikkje heilt på heimebane i fjellheimen? Det er dei lommekjende guidane i Naturopplevingar. Særs triveleg turfølgje er det og – akkurat så lenge eller stutt du sjølv vil gå. www.naturopplevingar.no

Friluftsbad

I Skjåk ligg Dønfoss - fleire gonger kåra til Norges beste campingplass. Ein viktig grunn er friluftsbadet – eit fantastisk anlegg bygd på naturlege sva og jettegryter med elva Otta buldrande forbi. På solskinnsdagar reine Syden i steinrøysa! www.donfosscamping.no

Fjellriding

Fjelleventyr kjem i mange formar – å oppleve Breheimen på ryggen av ein fjellvand islandshest er definitivt eit av dei større! www.fjelleventyret.no

 

Skjåk har mykje å by på – fleire eventyr finn du her:

skjåk.no

nasjonalparkriket.no

Rafting og juving

Gokart

Sommerski

Embed Block
Add an embed URL or code. Learn more

Aktiviteter i Lom nasjonalparklandsby

 

●      Bakeriet i Lom

●      Klatrepark og zipline

●      Norsk fjellsenter

●      Istunnelen

●      Sommerski

●      Galdhøpiggen

 

Nabobygda vår Lom har masse å by på fleire eventyr finn du her:

Visit jotunheimen

 

...og vil du oppleve Fjord-Noreg, ligg verdsarvfjorden Geiranger og eventyrlege Nordfjord kun ein storslått biltur unna!