Sjarmbomba Ramstadbue

Historisk landhandel, stemningsfull kafé og selskapslokale og herleg gardspub – med frukostservering!

 

Mellom historiske tømmerveggar midt på gardstunet finn du Ramstadbue - liten utanpå, men utruleg innhaldsrik når du trår over dørstokken.

Her finn du både autentisk landhandel, stemningsfull gardspub, historisk kafé og sjarmerande selskapslokale nøye dandert på eitt brett. Landhandelen er ei lita tidsreise i seg sjølv, med interiør og inventar frå ei svunnen tid.

Ei salig stund med Gudbrandsdalskaku på tallerkenen? Frukost med ferske gudbrandsdalsegg? Selskap med familie, vener eller bedrifta? Menyen finn du nedanfor her - vi serverer gjerne ei oppleving for minneboka og magemålet!

Meny Ramstadbue

Frukost

Kvar morgon serverer vi herleg gardsfrukost med nyverpa Gudbrandsdalsegg i Ramstadbue. Gi oss eit vink seinast kvelden før om du vil ha ein fantasisk start på dagen. Frukost: 150,- for vaksne / 80,- for ungar opp til 12 år.


Selskap

Ei trivelegare ramme rundt selskapet ditt skal du leite lenge etter. Ramstadbue har plass til gruppar på inntil 12 personar, og kan leigast både med og utan servering. Fullt utrusta kjøken og ei atmosfære du vil bere med deg lenge.

Middag

Ein, to eller tre rettar - valet er ditt, frå det fullt utrusta kjøkenet i Ramstadbue blir nydelege gardsmat sett på nydeleg pynta bord. Desserten gir seg sjølv: Gudbrandsdalskaku - smaksbomba frå fjellheimen, bakt for hand frå botn av på Nordigard Ramstad.

Gardspub

Bjørkeved i klebersteinspeisen, solnedgang utanfor glasa, og duggfriskt lokalt brygg i glaset. Kan ein ha det betre?

…trivelegaste toalettet i Noreg?

I Ramstadbue finn gjestetoaletet på garden - med eit interiør verdt ein liten studietur i seg sjølve. Dette toalettet blir og nytta av gjestar som overnattar i Ramlarstugu og Ysthuset.