Sjølvplukka smaksbomber!

Nydeleg nyheit! Sjølvplukk av solmodna og smaksrike bringebær på Nordigard Ramstad utan sprøytemiddel av noko slag!

Betre og sunnare blir ikkje bær enn dei uspøytte bringebæra som veks på solrike og knuskturre Nordigard Ramstad. Send ei melding til bringebærboss Odd Joar innan kl 21 kvelden før du ynskjer bær, så står du snart i åkeren med korga full av fjellheimens fremste smaksbombar!

“Gjev Vårherre oss sol, skal vi sjølve skaffe vatn”, lyd eit gamalt munnhell i vårt dalføre. I saftige Gudbrandsdalsbær kjenner du smaken av båe deler til fulle.

Sakte modning høgt til fjells i turt og solrikt klima - der har du ingrediensane som gjer bringebæra vår så makalaust god. Ta kontakt om du vil ha ein smak, ei korg eller ei kasse!

 
Brinbeb%C3%A6r.jpg

Fjellbringebær

Rett utanfor tunet på Nordigard Ramstad vekst to mål med sjølvdyrka, usprøytte og sakte modna bringebær - og fleire skal det bli!

image.jpg

Sesong

Godt ut i august er bringebærene våre modne for plukking - lenge etter at alle andre har ete opp sine.

Utsal

Gudbrandsdalsbær er eksklusiv vare og volumet og sesongen sterkt begrensa. Ta kontakt om du ynskjer å kjøpe nokre av dei høgast veksande bringebæra i Noreg!