Kurs
“Når eg siktar på deg, siktar eg litt yver”, skreiv ein klok diktarhøvding.
Olav H. Hauge
På Nordigard Ramstad har vi gjort Olav H. Hauge sine kloke ord til våre. Difor utviklar vi stadig nye tilbod - og har no ekstra store ting på gang!
Vil du vere med, så heng på…
Bakstfjos
Det aller fyrste i Noreg, faktisk! I det gamle sauefjoset på Nordigard Ramstad arbeidar vi no for å byggje opp eit skikkeleg gardsbakeri for handverksproduksjon av Gudbrandsdalskaku og gardsbakst. Vi planlegg og pakkeri, kjøl og lager for både bakst, bær og honning - og kurslokale der vi vil ta i mot gjestar for kurs. Her ser du nokre av kurstilboda vi planlegg å tilby:
Gardsbakst | kurs
Mjukbrød (les: Lefse). Harbrød (les: Flatbrød). Mørelefse. Og ei mengd andre favorittar planlegg vi å halde bakstekurs i så snart Bakstefjoset er innreia.
Fermentering | kurs
Gamle konserveringsmetodar er gode som gull - krydra meg spanande smakar på tunga. Verdt å lære seg - og å lære bort!
Sylting | kurs
Gull på glas! Bær og frukt får ei fantastisk farge, konsistens og smak etter nokre veker på glas.
Ønskjer du å bestille kurs?
Bakstefjøset er ikke innreia, men vi kan jo tjuvstarte på baksten i lag!