Gudbrandsdalskaku

Allergenar: Mjølk, mandlar og egg. Glutenfri.

Oppbevaring: Kjøl eller frys - blir berre betre av å bli tint opp fleire gonger.

 

Det var ein gong ei kake som var så god at folk knapt klarte å halde fingrane av fatet.

Bakt for hand med kjærleik, tid og dei beste ingrediansar frå Nordigard Ramstad og fjellheimen i kring, er Gudbrandsdalskaku ei smaksbombe å bli både svimmel og lykkeleg av.

Gudbrandsdalskaku innheld klinkegg frå eigen gard, G35 raudost frå eigen bygd og saft frå fjellbringebær solmodna på Nordigard Ramstad. Samt kremfløyte, Baileys, lakrissirup kokt frå botn, mandlar, kokesjokolade og mange andre godsakar. Kaka toler finfint både frys og kjøl i fleire runder.

PS! Klinkegga i kaka kjem frå Gudbrandsdalsegg sitt hønseri på Nordigard Ramstad med små skader i skalet – som altså blir nytta i Gudbrandsdalskaku i staden for å bli kassert. Vinn-vinn for smaken, berekrafta og Kakemons.

 
Kaku+%2816+of+16%29.jpg

Utsal

Gudbrandsdalskaku finn du i kakedisken på dei fremste kafeene og serveringsstadene i Gudbrandsdalen - frå Skjåk og Lesja i nord til Lillehammer i sør. Vil du nyte smaksbomba heime, er Gudbrandsdalskaku å få kjøpt døgnet rundt i våre sjølvbetente eggebuer i Skjåk, Lom og Vågåmo. Gudbrandsdalskaku blir og seld gjennom REKO-ringar frå Dombås i nord til Lillestrøm og Lørenskog i sør.

 

Bestille bakst?

Vi sel direkte til både privatpersonar, serveringsstader og reiselivsaktørar – og køyrer hyppig gjennom Gudbrandsdalen om du vil ha smaksbomba levert langs vegen.

Bestill bakst