Utsal

Gudbrandsdalsegg, Gudbrandsdalskaku og andre stuttreiste godsakar frå Nordigard Ramstad finn du der god lokalmat er å få kjøpt:

 
avdemsbue.jpg

Serveringsstader

I kakedisken på dei fremste kafeene og serveringsstadene i Gudbrandsdalen - frå Skjåk og Lesja i nord til Lillehammer i sør. Her ser du lokalmatambassadørane på Avdemsbue.

 
Smak+i+lom.jpg

Smak i Lom

Våre gode lokalmatambassadørar i Lom gjer ein framifrå jobb med å selje stuttreise godbitar i Jotunheimen og nettbutikk.

egg (3 of 7).jpg

Eggebuer

Vil du nyte smaksbomba heime, er Gudbrandsdalskaku å få kjøpt døgnet rundt i våre sjølvbetente eggebuer i Skjåk, Vågåmo - og snart Lom.

 
Gudbrandsdalsmat.jfif

Gudbrandsdalsmat

Dyktig grossist av alt som er godt og lokalt frå Gudbrandsdalen - distribuert til kvalitetkjøken og skrubbsvoltne gjestar frå heile verda.

Reko-banner.jpg

REKO-ringen

Nordigard Ramstad sel gardsbakst, Gudbrandsdalskaku og Gudbrandsdalsegg gjennom REKO-ringar frå Dombås i nord til Lillestrøm og Lørenskog i sør. Prima ordning!

 
Hev+Ringebu.jpg

Flye 1389

Visste du at Gudbrandsdalskaku og Gudbrandsdalsegg er å få kjøpt langt over tregrensa? Heile 1389 meter over havet i Jotunheimen er lokalmatfyrtårnet Flye 1389 faktisk ein av våre største kundar. Garantert opptur!

 

Ønskjer du å bestille bakst?

Aldri har det vore lettare å kjenne smaken av barndom, Bygde-Noreg, stuttreiste råvarer, handverk og kvalitet frå øvste fjellhylle!

Bestill bakst