Lokalmat
Elta fram med kjærleik og stuttreiste råvarer.
På Nordigard Ramstad brukar råvarene lang tid på å vekse og modnast, her skin sola ofte og regn fell sjeldan, her er bakstetradisjonane lange og ingrediensane stuttreiste. Resultatet? Smaken av fjellheimen – noko heilt for seg sjølv.
Unn deg og dine ein godbit frå lokalmatfatet Skjåk!
Gudbrandsdalskaku
Smaksbomba Gudbrandsdalskaku innheld klinkegg frå eigen gard, raudost frå eigen bygd og saft frå fjellbringebær solmodna på Nordigard Ramstad.
Gudbrandsdalsegg
…med fjellheimens gulaste plomme. Verpa av 7000 frittgåande fjellhøns og handtert for hand i alle ledd frå høne til kartong.
Gudbrandsdalshonning
Bikubene er på plass og dronninga like så. Vi er spente på resultatet og gler oss til smaken av fjellheim og levande kulturlandskap.
Gudbrandsdalsbær
Fjellbygda Skjåk byr på mykje sol, lite nedbør og sein modning – perfekt for djupraude smaksbombar fulle av sødme og smak av fjellsommar.
“Hvis noe er ‘farlig godt’ så er det Gudbrandsdalskaku.
Til kaffemat, til dessert, til snavvel, og bare til skaprotta”
Kurs
Minnest du smaken av lefsa til bestemor? Ynskjer du å skape dine eigne tradisjonar og smaksopplevingar? På Nordigard Ramstad er vi stolte og ydmyke tradisjonsbærar og lærer gjerne bort handverket.
Utsal
Gudbrandsdalsegg, Gudbrandsdalskaku og andre stuttreiste godsakar frå Nordigard Ramstad finn du her.
