
Sjølvbetjente eggbuer
Nesten for godt til å vere sant...
I Skjåk og Vågå finn du Nordigard Ramstad sine to eggbuer fylt til taket med all slag godsaker produsert på Nordigard Ramstad:
Eggebuene er opne døgnet rundt, og basert på sjølvplukk: Finn dei egga eller baksten du ynskjer, og vipps eller betalt kontant før du går ut av bua. Vipps, så var dagen og måltidet redda!
Her finn du eggbuene
Skjåk
– Ånstad –
10 minutt i bil frå Lom i retning Bismo i Skjåk finn du vårt vesle, men innhaldsrike lokalmatmekka på Ånstad. Vipps og plukk med deg Gudbrandsdalsegg, Gudbrandsdalskaku og anna gardsbakst.
Vågå
– YX bensinstasjon –
Vågåmo er viden kjend som lokalmatmekka, med Arne Brimi som fremste ambassadør. I eggebua vår utanfor YX får alle audiens – og du finn både Gudbrandsdalskaku og mørlefser i frysaren. Vipps, så er godbitane servert!