Levande gardseventyr
På fem små år er Nordigard Ramstad blitt videreutvikla frå tradisjonell fjellgard med sauehald til eit blomstrande turist- og lokalmateventyr.
I dag dyrkar vertskapet Gudrun og Odd Joar gode opplevingar på garden i form av gardsovernatting i stemningsfulle tømmerhus. Servering i sjarmerande gardspub og landhandleri. Gudbrandsdalsegg med fjellheimens gulaste plomme og vidgjeten Gudbransdalskaku - smaksbomba frå Skjåk som det går gjetord om i heile Sør-Noreg. På tunet får gardsgjestar selskap av hest, sau, kanin og frittgåande høner - og eit vertskap med omtanke for både to- og firbeinte med og utan fjør.
Vil du vere med inn i gardseventyret, så heng på!
Personleg vertskap
Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er glade i å legge alle egga på eitt brett. Og stadig føye til nye. Resultatet opplev du som gjest eller kunde på Nordigard Ramstad - her blir du møtte med både hjarterom og husrom, samt ei djup glede over å utvikle nye tilbod med kvalitet og meining. Om du ikkje ser vertskapet på tunet? Då er Odd Joar venteleg i hønseriet for å pakke 7000 nyverpa egg, og Gudrun i sving på kjøkenet for å trylle fram vidgjeten Gudbrandsdalskaku av egg frå eigne høner - slik at inga råvare går til spille.
Gudrun og Odd Joar bur sjølve på Nordigard Ramstad, er lette å få kontakt med og eit særs triveleg selskap under opphaldet. Spør gjerne om tips til turar, aktiviteter og andre opplevingar i nærområdet.
Velkomen til gards og til bords!
Gardstunet
Nordigard Ramstad er intim og innhaldsrik - her finn du fram til husvere, husfrue og husdyr!
Parkering. 2. Hønefjøs med pakkeri. 3. Ramstadbue landhandel, gardskafé og gardspub med gjestetoalett. 4. Ysthuset
5. Gardsleiligheit 6. Ramlarstugu 7. Eldhuset