Vakne i eventyret
Sjarmerande gardsovernatting i fjellbygda Skjåk
Kring tunet på Nordigard Ramstad finn du tre tømmerhus og ei gardsleiligheit med totalt 22 senger og kvar si personligheit, historie og fasiliteter. Scroll ned for å ta ein titt inn i dei alle!
På Nordigard Ramstad vaknar du i ditt eiga himmelrike – tett oppundar dei høgaste fjella i Noreg og tett på Fjord-Noreg. I sjarmerande husvere kring eit idyllisk gardstun er det lett å finne både overskot og kvile for kjærestepar, familien, vennegjengen eller bedrifta.
Hjå oss er overnatting langt meir enn ein god natts søvn. I det idylliske gardstunet finn du kring trivelege sittegrupper både katt, kaninar og høner. Jordbær og bringebær kan du gjerne få plukke, og vil ungane vere med å sortere egg i hønseriet så klukkar vertskapet nøgde. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein finn du på oppdagingsferd i det intime tunet.
Om du vil freiste eksotisk øyhopping i elva Otta rett nedanfor garden har Nordigard Ramstad kajakkar og robåt til leige.
Eldhuset
4 gjestar | 1 soverom | 3 + 1 seng | Kjøken & bad
Historisk Eldhuset er restaurert til ein flott overnattingsstad med stemningsfull atmosfære.
Ramlarstugu
2 gjestar | 1 rom | 1 skuveseng | Bad i nabohuset
Historiske Ramlarstugu er restaurert til ein koseleg overnattingsstad med god atmosfære.
Ysthuset
2 gjestar | 1 rom | 2 senger | Bad i nabohuset
Ysthuset er eit koseleg krypinn med artig atmosfære. Bua består av kun eitt rom med to herlege enkeltsenger.
Gardsleiligheit
4 gjestar | 2 soverom | 3 senger | 1 bad | Stue og kjøken
Bu i leilegheita i våningshuset – med boltreplass for minst fire personar, to soverom, store fellesareal og eigen inngang.
“For et fantastisk sted. Så gjennomført og helt spesielt. Ble veldig godt mottatt av hyggelig vertskap, lett å finne frem, rent, kommer gjerne tilbake og anbefaler dette stedet på det varmeste. Norge på sitt flotteste.”
Servering
Frukost med ferske egg, middag med Gudbrandsdalskaku til dessert eller ei triveleg kveldsstund? I historiske Ramstadbue finn du alt dette – samt autentisk landhandel og gardspub.
Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett.
Kvar morgon kan du ved å gi oss beskjed seinast kvelden før få servert herleg gardsfrukost med nyverpa Gudbrandsdalsegg til kr 150,-/80,-
Fellesområde
På det sjarmerande gardstunet kan du treffe på andre gjester – men vil du nyte idyllen åleine, så er det nok av intime sittegrupper og storslåtte utsyn. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein for dei minste – og sosiale husdyr for den som vil ha selskap.
Fasilitetar
Sengetøy og utvask er inkludert
Gratis wifi
Gjestetoalett i Ramstadbue
Hjertestartar er montert på gjestetoalett i Ramstadbue
Utleige av kajakk og robåt - elsykkel etter avtale
Oversiktskart over garden
Parkering 2. Hønefjøs med pakkeri 3. Ramstadbue landhandel, gardskafé og gardspub. Toalett. 4. Ysthuset, 2 senger 5. Gardsleiligheit, 6 senger 6. Ramlarstugu, 2 senger 7. Eldhuset, 4 senger