Gudbrandsdalsegg

Fjellheimens gulaste plomme finn du i Gudbrandsdalsegg frå Nordigard Ramstad. Kvart einaste eitt sortert, vaske og pakka for hand - og med kjærleik. Du kjenner det på smaken!

 

I dei to moderne hønefjøsa på Nordigard Ramstad verpar 7000 frittgåande høner Gudbrandsdalsegg. Hønene har god plass, friskt fjellvatn og kvalitetsfôr som gir ekstra gul plomme og smak. Både fjærkre og Mattilsynet er særs nøgde – og det same er Gudbrandsdalsegg sine kundar. 

Små gjestar på gardsovernatting er velkomne til å vere med å sortere og pakke egg morgon og ettermiddag - ei artig oppgåve for ivrige, små hender!

Utsal

Gudbrandsdalsegg blir selde i daglegvarebutikkar i Gudbrandsdalen, delikatessebutikkar i Oslo - og i vår eigne eggebuer i Skjåk, Lom og Vågå.

Forhandlar

Har du lyst på egg fra Nordigard Ramstad i din restaurant eller butikk, kontakt oss direkte for konkurransedyktige priser.

Handplukka egg

I fjellbygda Skjåk er vi glade i ærleg arbeid og skikkeleg handverk. Gudbrandsdalsegg er tufta på begge delar. Kvart einaste egg blir plukka, sortert, veid, vaska og pakka for hand. Om du kjenner det på smaken? Test sjølv!

Plukking og veiing

Så snart eit egg har blitt verpa, kjem det trillande inn i pakkeriet. Her blir kvart egg veid og plukka.

Sortering og vasking

Sortering etter storleik er neste steg, før alle egg blir vaska. Klinkegg med skjønnhetsfeil blir send til gardskjøkenet for bakst.

Pakking og levering

30 egg på eitt brett eller 10 i ei pakke - og så gullegga klare for verda. Den dyrebare lasta køyrer vi sjølve ut til eggebuer, serveringsstadar, REKO-ringar og grossist.

Plukk dine eigne egg

Vitjar du Nordigard Ramstad for overnatting, selskap eller ein visitt i Ramstadbue? Då er du hjarteleg velkomen til å vere med i hønseriet å sortere egg.

Jo mindre hender du har, jo betre er dei til å plukke gullegg - og moro er det!