Attraksjonar
Det aller beste frå Fjell- og Fjord-Norge? På Nordigard Ramstad har du alt innan rekkevidde!
Vi klyp oss i armen rett som det er: Bur vi verkeleg midt opp i alle denne eventyrlige naturen, desse herlege aktivitetene og minnerike opplevingane? Heldige er vi!
Kring Nordigard Ramstad finn du fjelleventyr på alle kantar – og nokre av verdas vakraste fjordar når du på halvannan time. Spør oss om hemmelege perlar og verdsattraksjonar, vi deler meir enn gjerne på godene.
Bakeriet i Lom
Desse bollane treng ingen introduksjon. Når det kjem til gjærbakst er ingen over - ingen ved sidan Bakeriet i Lom
Billingen Seterpensjonat
Destillert seterromantikk og eit lokalmatfat sjølv fossen brusar gjetord om.
Sota Sæter
Å, eg veit ei seter! I hjartet av Breheimen og hos mang ein fjellvandrar. Må opplevast - som naturen kring.
Dønfoss camping
Kåra til Norges beste camping fleire gongar - med eit svømmebasseng du berre må oppleve!
Fjelleventyret
Ri inn i seterdalar og høgfjell på din eigen islandshest - du kjem aldri til å ville sale av!
Brimi Sæter
Ord kan ikkje skildre stemninga, smaken og seteridyllen ved fjellsjøen Tesse. Hit må du berre dra for å smake!
Galdhøpiggen
Ingen over - ingen ved sidan! Turen til topps på Norges tak startar ein liten time i bil frå Nordigard Ramstad.
Besseggen
Kåra til ein av verdas 20 beste fjellturar av National Geographic. Er det din tur i sommar, haust – eller vinter?
Glittertind
Svært god nummer to - etter Galdhøpiggen. Lett topptur og Norges mest spektakulære rompeakebakke ned att!
Sjoa Rafting
I eventyrlege Heidal ligg denne perla ved bredden av den verdsberømte raftingelva Sjoa. Tilbyr rafting, juving, elvebrett, ducky, brupendel, klatrepark, paint ball og mykje anna moro til vanns, lands og i lufta med!
Glittersjå Fjellgård
Tenk å mate skogens konge i høyfjellet! På Glittersjå får du også se reinsdyr, harer og en hel flokk sosiale husdyr.
Lom Stavkyrkje
Ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet, bygd midt på 1100-talet. I middelalderen var både pilgrimar og anna ferdafolk på reise gjennom Lom og nytta stavkyrkje saman med bygdefolket. No er det din tur!
Norsk Fjellsenter
Svært spanande besøkssenter med utstillinga Bergtatt, interaktive Fjellviten og unike Klimapark 2469 med istunnell inn i 7000 år gamal is.
Geiranger
Juvelen i fjordkrona - ein av to norske verdsarvfjordar - finn du ein storslått dagstur frå Nordigard Ramstad. Ta med lommetørkle, her blir du rørt av nasjonalromantikken!
Loen skylift & Nordfjord
Noregs lettaste topptur byr på ei spektakulær utsikt over Fjord-Noreg. Perfekt å kombinere med dagstur til leikelandet Nordfjord!
